Godøy Kystmuseum


Frå Eilifrøysa ein gravhaug frå ca 400 e. Kr. Utstillingar frå fiskerihistorie med gamle båtar og fiskeutstyr. Krigshistorie med diverse effekter og dokumenter. I den seinare tid har musèet fått ein "ansiktsløfting" utvendig. Arbeidet med å tilbakeføre huset til slik som det var er i god gang med m.a vindauge i original utførelse.

Gøy-Garden - eit vestlandstun
På musèet kan du sjå modell og bilete frå den gamle "Gøy-garden", klyngetunet på Godøya, slik det var før siste utskiftinga. Vi held på med gjenskapinga av "Gøy-garden" ved at hus og løe vert flytte til musèet.

Kystkultur.
To trerøringar, ein motorbåt og seks færingar er restaurerte så langt. No har vi flytta naust/sjøbod nummer to til musèet. Dette vil gi oss betre plass til restaureringsarbeidet, og så får vi berga viktige kystkulturminne.

Eilifrøysa, gravhaug fra ca. 400 e. Kr.
Mange viktige arkeologiske funn er gjort i røysa og området omkring, m.a ein vakker gullberrlokk frå ca. 300 e. Kr. Kopiar frå funnet er utstilte på Godøy Kystmuseum.

2. verdenskrig
På loftet der det under krigen var gjøymt mange flyktninger og Englandsfararar, er det laga ei utstilling som syner ein del av øya og kommunen si krigshistorie, sett i en nasjonal samanheng.


<<< Tilbake