Johansbuda


Johansbuda vart bygd i 1954 av familien Valderhaug i Johansgarden på Valderøy. Dei eigde båtane Eljan, Real og Real 1 og buda vart derfor også kalla for Realbuda. Det vart bygd ei 35 meter lang kai i tilknyting til buda slik at rutebåtane kunne legge til her. Kaia er framleis intakt og er eit aktivum for huset.

1. etasje:
Her er ei stor vestibyle med setegrupper for 30 til 40 personar. I dette "vrimlearealet" er også ei teater-garderobe, toalett og eit kjøkken. Frå første etasje er det direkte utgang til kaia.

2. etasje:
Her er sjølve storsalen med scene. Med publikum sittande rundt småbord/langbord er her plass til mellom 80 og 90 personar. Dersom ein sit på kinorekkjer blir det sjølvsagt plass til fleire.

3. etasje:
Her er Valderøy Historielag sitt museum med utstillingane "Valderøy i krig 1940-45","Valderøy i 1905" og Fiskerutstilling og Fiskebåtgalleriet.

Besøk Johansbuda her


<<< Tilbake