Giskespelet


På Giske ligg det vakre middeladeramfiet klar til å ta med på ei reise tusen år attende i tid. På amfiscena ved den vakre middelalderkyrkja let 170 aktørar deg oppleve «forspelet» til slaget på Stiklestad, der dei mektige Arnungane frå Giske spelte ei sentral rolle i eit av dei viktigaste nasjonaldrama i Noregssoga.

Mykje folk og mykje bilar skal plasserast under Giskespelet så møt opp i god tid. Spelet vært framført i friluft - uansett ver. Sola kan skine, men nordavinden i ytre strok kan og vere kald i juni, sjølv om utescena ligg i ly under Ørnebakken.

Historie
Handlinga i Giskespelet er bygd på det Snorre Sturlason fortel i Soga om Olav den Heilage. Torberg Arneson frå Giske og brørne hans var kong Olav Haraldsson sine fremste menn og fylgde han både i inn- og utland i striden for kongsmakt i Noreg. Torberg var gift med Ragnhild, dotter av Erling Skjalgsson frå Sola på Jæren. Erling hadde vore kong Olav Tryggvason sin fremste mann, han var gift med kongen si syster og var framleis den mektigaste hovdingen på Vestlandet.

Les mer om Giskespelet

Giskespelet

<<< Tilbake